Arkivarforeningen

Forsiden Kontakt



Foreningen
Arkivaryrket
Medlemskap
Vedtekter
Styret
Seminarer
Reisestipend
Fagmøter
Fagstoff
Arkiv i media
Norsk Arkivforum
Lenker
Oppslagstavle

"Archiv-vise" av Henrik Wergeland

Kontakt webmaster
/nettredaktør

 


Rapport frå HIFO-seminar 2006

Eg takkar for økonomisk stønad i form av reisestipend frå Arkivarforeninga for å reise på HIFO-seminar 2006, og sender her ein rapport frå seminaret.

HIFO-seminaret 2006 gjekk av stabelen i Kristiansand 5.-7. mai 2006. Programmet veksla mellom fellessesjonar, parallelle sesjonar, ekskursjonar og sosiale samvær. Fellessesjonane inneheldt tema som skulle interessere dei fleste som arbeider med historiefaget, både som forvaltarar/arkivarar og formidlarar/utgjevarar.

Den første fellessesjonen fokuserte på historikarane si rolle i det offentlege rom. Foredragshaldarane, Dag Jenssen, May-Brith Ohmann Nielsen, Hilde Henriksen Waage og Anne-Hilde Nagel, såg på dei ulike rollene historikarane har som forskarar, forfattarar, formidlarar og ideologar i samfunnet. Ikkje minst vart det fokusert på kontakten med og formidlinga gjennnom media og litteratur og fagleg truverd knytt til tilgjengeleg kjeldemateriale. Waage la vekt på kor alvorleg og vanskeleg historieformidling i det offentlege rom blir når arkivmateriale ikkje er tilgjengeleg for offentleg ettersyn, slik det no t.d er i saka om osloprosessen og midtaustenproblematikken. Vi fekk også ein grundig gjennomgang av god skikk og bruk av litteratur og kjelder i allmenn, historiske framstillingar basert på rapporten frå utvalet som vart sett ned på bakgrunn av diskusjonen om siteringspraksis og plagiatproblematikk som kom opp etter at Karsten Alnæs skreiv si norgeshistorie. Den siste fellessesjonen var eit foredrag med påfølgjande diskusjon der Stein Tønnesson tok utgangspunkt i amerikansk historieforskning nett no, og prøvde å dra liner til vår eigen situasjon ut frå tittelen: Historikaren i kampen om historia.

Eg valte å følgje parallellsesjonane om regional kulturarv som grunnlag for kollektiv sjølvforståing, demokratisk teori – historisk praksis og norsk kystkultur. Regional identitet er tema for pågåande forskningsprosjekt og interessant ut frå mange aspekt. Sosiale felleskap, politisk kultur, religøs utvikling, demokratisk praksis, geografiske særtrekk er bare nokre av desse. Foredragshaldarar her var m.a. Hans Fredrik Dahl, Hans Kjetil Lysgård, Pål Repstad, Bjørg Seland, Alf Ragnar Nielssen, Dag Hunstad og Per Norseng. Særleg interessant for mitt sjølvalte forskningsprosjekt ved RA var foredraga om kystkultur og religiøs identitet.

Hilde Sandvik leda sesjonen som presenterte det nyleg oppstarta demokratiprosjektet ved UiO. Prosjektet har fått tittelen ”Demokratisk teori – historisk praksis” og dei fleste deltakarane var tilstades og presenterte sine ulike forskninsprosjekt. Odd Arvid Storsveen la fram arbeidet med å finne meir ut av kvifor Norge fekk så breidt veljargrunnlag, Mona Ringvej skal sjå på fortolkinga av demokrati i eit revolusjonsårhundre, Kaj Østberg går nærare inn på borgerånd og sosiabilitet i Danmark og Norge mellom 1750 og 1830, Øystein Rian skriv om trykkefridom og sensur på slutten av 1700-talet, Knut Dørum arbeider med bondeopposisjonen og Hilde Sandvik fokuserar på den frie borgar og ekteskapslovgjevinga.

I tillegg til alle desse engasjerande foredraga var eg også med på ekskursjonen til fem av dei vel 30 lystgardane som vart bygde rundt Kristiansand i perioden 1770-1820.

Margit Løyland