Arkivarforeningen

Forsiden Kontakt



Foreningen
Arkivaryrket
Medlemskap
Vedtekter
Styret
Seminarer
Reisestipend
Fagmøter
Fagstoff
Arkiv i media
Norsk Arkivforum
Lenker
Oppslagstavle

"Archiv-vise" av Henrik Wergeland

Kontakt webmaster
/nettredaktør

 


Rapport etter studietur 2005 - Berlin

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane var på studietur i Berlin 26. – 30. oktober 2005. Under studieturen var det særleg to arkivfaglege tema vi ynskja å sjå nærare på. Det eine var depotfunksjonen hjå arkivinstitusjonane. Korleis arbeida dei i depot med omsyn til bevaring og tilgjengeleggjering, og korleis møtte dei lesesalgjestar? Det andre temaet var formidling på Internett. Kva legg dei ulike institusjonane ut og kva tankar ligg bak denne måten å formidle arkiv og historie på? Når vi valde å reise til Berlin, var vi sjølvsagt interessert i å lære meir om historia til Berlin og Tyskland og å lære om tysk-norske relasjonar.

Vi valde difor å vitje følgjande institusjonar: Stasi-arkivet, Deutsches Historisches Museum, Landesarchiv Berlin og Den norske ambassaden. Vi deltok også på ei lita historisk vandring med ein guide. Guiden vår var busett i Berlin. Han er norsk og har arbeida som journalist i Berlin i ei årrekkje.

Stasi-arkivet

Besøket på Stasi-arkivet byrja med ei forelesing om Aust-Tyskland og historia til arkivet. Stasi-arkivet inneheld store mengder persondata om dei som styremaktene i Aust-Tyskland hadde under oppsyn. Arkivet har registrert om lag 14 millionar indekskort og den totale menga etterretningsmateriale strekker seg over 180 kilometer. I 1989, rett etter at Berlinmuren fall var det dramatiske dagar for Stasi-arkivet. Dei medarbeidarane som hadde arkivmateriale på kontora sine, nytta høvet til å makulere det dei kunne. For å få ”arbeidet” unna nytta dei makuleringsmaskiner, men dei arbeida også for hand og reiv sundt arkivmaterialet. Det var også forsøk på å sende større mengder arkivmateriale til destruksjon. Dei måtte då ta det ut av bygget. For å hindre dette vart bygget blokkert. Det vart difor redda mykje arkivmateriale etter muren sitt fall. Dette er materiale som er i hyppig bruk.

Personar som har vore overvaka av Stasi, ynskjer å sjå mappa si. For fleire har det vore ein lang prosess å komme fram til dette standpunktet, og i dag er det enno stor etterspurnad etter personmappene. I dag er det dei registrerte som får innsyn i materialet. Det er ikkje gitt tilgang til store forskingsprosjekt som nyttar personmapper som kjelder. Om dette nokon gong vil skje, er usikkert. Etter 1989 var det danna ei stifting som skulle ha ansvaret for arkiva etter Stasi. Dette skulle vere ei mellombels løysing, og det var planen at materialet berre skulle vere opent for innsyn nokre få år. Etterspurnaden har vore så stor at prosjektet stadig har vorte utvida, men framleis er det ikkje gjort vedtak om ei permanent løysing for arkiva etter Stasi.

Ein del av arbeidet til Stasi-arkivet i dag er å rekonstruere arkivmateriale som vart øydelagd. Dette er sjølvsagt eit omfattande arbeid. Det er slik at øydelagde dokument vart samla i store sekker. Dette gjer at dei ulike delane av eit dokument ligg i ein sekk. Det er det materialet som vart øydelagt for hand som er lettast å rekonstruere. I dag vert arbeidet gjort manuelt, men det er også utvikla dataløysingar som på sikt kan overta dette arbeidet.

Deutsches Historisches Museum

Årsaka til at vi hadde eit ynskje om å besøke Deutsches Historisches Museum (DHM) var eit prosjekt som er kalla LeMO. LeMO er eit samarbeid mellom DHM, Haus der Geschichte der Bundesrepublik Deutschland og Fraunhofer-Institut für Software- und Systemtechnik. Tilbodet er eit pilotprosjekt som har fått ei rekkje prisar. Ved hjelp av tekstar, lyd og video vert viktige personar og hendingar knytt til den tyske historia i det 20. århundre presenterte på Internett.

Ei mengd artiklar (alle på tysk) er knytt til tema og til ei tidslinje. Samstundes er artiklane knytt saman med kvarandre som hypertekst. LeMO inneheld også eit rikt materiale med film og lyd som ein kan spele av på Internett med breibandoppkopling. Du finn over to hundre filmklipp frå 1900 og fram til 1990. Her er alt frå utdrag frå gamle spelefilmar til dokumentasjonsopptak og animerte historieframstillingar. Full oversikt over alle filmklipp i samlinga finn du her:
http://www.dhm.de/lemo/suche/videos.html

LeMO inneheld også ei mengd med tredimensjonale animasjonar som brukarar sjølv kan navigere i. DHM var tidleg ute med å nytte denne teknologien, men slit no med at dei tekniske løysingane alt er utdaterte. Datamaskiner som nyttar operativsystemet Windows XP kan i dag ikkje nytte denne delen av tenesta.

LeMO vart påbyrja i 1997 og utforminga vil nok for nokon alt no framstå som noko gamaldags. Likevel er tekst-, film-, og lydmaterialet av god kvalitet og er ei flott verktøy for alle som måtte ha trong for å oppdatere tysk- og historiekunnskapane sine.

Den norske ambassaden

Besøket på den norske ambassaden gav oss eit innblikk i arbeidet til ambassaden og tilhøva mellom Noreg og Tyskland. Det er tette band mellom dei to landa, ikkje minst på det kulturelle området. Tyskland er også Noreg sin viktigaste handelspartnar. 47 % av all gassen til Tyskland kjem frå Noreg. I år har Fylkesarkivet arbeida mykje med 1905. Det var interessant å høyre om korleis unionsoppløysinga har vorte markert i utlandet, og kva rolle ambassadane har hatt.

Landesarchiv Berlin

Tyskland er delt inn i ulike länder. Kvart land har eit landesarchiv. Dette kan omsetjast med statsarkiv. Landesarchiv Berlin har ansvaret for arkiva etter statsadministrasjonen i sitt område, men også arkiv etter byen Berlin. Arkivet tek også inn privatarkiv og arkiv frå mindre kommunar i sitt område. Arkivet har også ei stor samling av fotografi. Landesarchiv Berlin flytta inn i nye lokale for fire år sidan. Dei 70 medarbeidarane har difor gode arbeidstilhøve. Arkivet har eit stort publikumsareal, med tradisjonell lesesal, men også eigne lesesalar for arbeid med kart og materiale i store format, mikrofilm, fotografi og digitalisert materiale, utstillingslokale og auditorium for å ta i mot store grupper.

Ein stor skilnad på Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane og Landesarchiv Berlin er talet på lesesalgjestar. Medan vi har diskutert marknadsføring og informasjonsstrategi, mottek Landesarchiv lesesalgjester i store menger. Er dette ein kulturskilnad? Er årsaka til skilnaden at vi oppbevarer ulike typar materiale? Kvifor er det eventuelt slik at statleg materiale er betre kjent hjå forskarar og studentar? Kva kan vi gjere for å endre på dette?

Landesarchiv har også eit tilbod på Internett. Publikum kan her velje mellom ulike tema. For kvart tema er det laga ei kort innleiing, vidare er det lista opp kva arkivmateriale som fortel om temaet og til slutt er det lagt ut ulike bilete som illustrasjonar. Utanom bilete har ikkje arkivet publisert anna arkivmateriale. Inndelinga i tema som Landesarchiv nyttar, er interessant. Fylkesarkivet har også sett på dette som ein moglegheit. For oss kan dette vere særleg aktuelt i formidlingsarbeidet mot skulen der ei inndeling i tema kan vere eit godt utgangspunkt for å skape samspel mellom ulike arkiv hjå Fylkesarkivet.

Konklusjon

Personalet ved Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har hatt godt utbytte av studieturen til Berlin. Vi har knytt spesielt gode kontaktar med Landesarchiv Berlin, og det er kjekt å sjå at dei allereie har hjelpt oss med kjeldemateriale til minnesteinar i Berlin. Fylkesarkivet vil ta lærdomen med seg inn i den spanande utviklinga som Fylkesarkivet no går inn i med opning av nytt sentraldepot for kommunar og fylkeskommunen 01.07.2006.

Lenker

Stasi-arkivet: http://www.bstu.de
Deutsches Historisches Museum: http://www.dhm.de
Landesarhiv Berlin: http://www.landesarchiv-berlin.de

Karianne Schmidt Vindenes